Fotograf: Ingerid Jordal

Eg er tekstilkunstnar utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo, i mitt kunstnarlege virke arbeider eg med tufting. Tufting er ein teknikk som tradisjonelt blir brukt til å lage tepper med lugg eller løkker, med ein tuftepistol skyt ein garnet inn i ein tufteduk. Teknikken gir mogelegheit til å bygga opp eit bilde eller mønster med uavgrensa antal farger, ulike tettleikar og nivå. Det at det er så mange mogelegheiter både fasinerer og motiverer meg. Med utgangspunkt i skissene mine, eller gjenstandar eg er inspirert av plukkar eg fargepaletten eg vil bruke. Eg hentar inspirasjon til arbeida mine frå gjenstandar eg samlar på og som betyr noko for meg. Fugle- og plantelivet inspirerer meg også, samt ornamentikk og fargenyansar eg kan finne i tapet, tekstilar og porselen. Det å bu tett på naturen, med fjorden, dei ulike årstidene og det alltid skiftande lyset bidrar også til å påverke meg og arbeidet mitt.